Fortsett til innholdet. | Gå til navigasjonen

Seksjoner
Du er her: Forside Om Fjelberg Det geologiske naturgrunnlaget på Fjelbergøya
Personlige verktøy
Logg inn

Det geologiske naturgrunnlaget på Fjelbergøya

Inge Aarseth
Om namnet Fjelberg har eit geologisk opphav skal vi ikkje ta stilling til her, men vi kan få ei interessant geologisk oppleving om vi tar oss ein tur rundt på øya med kunnskapen om den geologiske historia til berg og jord. Det var nok det geologiske naturgrunnlaget som gjorde at øya tidleg vart busett og kom til å spela ei sentral rolle i Sunnhordland. I tillegg til jordsmonnet var dei gode hamnetilhøva i Fjelbergsundet medverkande i så måte. Med ruskever på Bjoa- og Klosterfjorden var det godt å segla inn i det lune sundet mellom Fjelbergøy og Borgundøy.

geo02

 



Fjelbergsundet sett frå Borgundnuten. Gjestehamna i Sjøstova nærast. På Fjelbergøya i bakgrunnen ser ein sona med dyrka mark frå prestegarden og oppover mot Nordhus.

Folk som slo seg ned på øya trong ikkje geologisk kunnskap for å velgja rett stad for gard og grunn. Store delar av øya er så karrig at det ville vore svelt-i-hel om ein busette seg der. Denne variasjonen skuldast for det meste den varierte undergrunnen. Klimaet spelar sjølvsagt og inn, men den vesle øya byr ikkje på store skilnader med unntak av at sørsida har betre solinnstråling og er meir verna mot nordavinden.

Øya har bergartar frå fleire tidsperiodar, både frå prekambrium (eldre enn 542 millionar år), paleozoikum (545 - 251 mill år) og mesozoikum 251 – 66 mill år). Jorda som ligg oppå berggrunnen er komen på plass etter istida, enten ved at fjellet har forvitra til jordsmonn eller ved at isbreen la att litt morenejord eller leirjord frå den tida dei låge delane av øya låg under havnivået. I tillegg har dei flate områda i vest og aust varierande dekke av torv og myrjord.

Det meste av berggrunnen på Fjelberg er ikke danna på staden, men har vandra inn frå område utanfor kysten under den kaledonske fjellkjededanninga då det nordamerikanske og det eurasiske kontinentet kolliderte for rundt 425 millionar år sidan. Den berggrunnen som ligg oppe i dagen i dag var trykt ned på rundt 20 km djup, og såleis utsett for metamorfose (høgt trykk og høg temperatur). Då vart dei opphavelege minerala omvandla, og om det fanst fossilar vart dei nok steikte og pressa til det ukjennelege. Dei næraste fossila er funne på Stord og Bømlo (sjå Naturhistorisk Vegbok, Hordaland).

geo04

Kart over berggrunnen på Fjelbergøya etter NGU.no sitt kart på internett.

Kartteiknar Jane Ellingsen, Inst. For geovitenskap, Univ. i Bergen

 

geo04b Geo07b

To bilder frå gneisområdet i den vestlege delen av øya. Til venstre tydeleg bandgneis langs vegen mot Sundnes. Til høgres store faldar på Sengjaneset ved innseglinga til Fjelbergsundet frå aust.



Berggrunnen aust for det oppdyrka området på øya (frå Sengjaneset i sør til Rossneset i nord) er frå prekambrium (tida før dei vanlege fossila levde). Berggrunnen har gjennomgått fleire fjellkjededanningar og blitt valsa ut til det vi kallar gneis, som er den bergarten vi har mest av i Noreg. Mineralsamansetninga er granittisk (kvarts, feltspat og glimmer) og minerala ligg i parallelle band danna under samanpressinga på djupet. Flak av den prekambriske gneisen vart reven laust under den kaledonske fjellkjededanninga og hamna her på Fjelbergøya saman med dei yngre bergartane: glimmerskifer og grønskifer. Under kontinentkollisjonen var bergartane så varme og mjuke at dei vart bøygd i store faldar. Fine døme på dette finn vi på ”Sengja-neset” og langs vegen mot Sundnessundet.. Den granittiske gneisen forvitrar seint og gjev eit magert jordsmonn. I dette området veks det difor mest fureskog, og det meste av området utgjer ein fjellrygg.

På vestsida av øya ligg bergarten tonalitt som og har granittisk samansetning. Det er ein magmatisk bergart som vart danna ved størkning av ei granittisk smelte i havbotnskorpa nokolunde samstundes med den kaledonske fjellkjededanninga. Det er den bergarten som dekkjer det største arealet, om lag halve øya. Han inneheld kvarts og ein lys plagioklas-feltspat. Er det litt glimmer eller amfibol vil han kunne gje litt forvitringsjord, men på nordvestsida av Fjelbergøya er det lite fruktbart og mest fattig kystfuruskog. Langs skogsvegen frå Nordhus og opp mot Påskåsen er berggrunnen sers foliert (”bladdelt”) og har vore nytta til skifer på grunn av den gode kløven. Den er danna ved sterkt retta press under metamorfosen.

Så kjem vi til den geologiske kremen på øya: Det låge draget frå Havn og prestegarden og nordover til gardane på Nordhus og vidare mot Breidvika og Nordhusvågen. Her finn vi to bergartar som opprinneleg vart danna på havbotnen, før dei to kontinenta kolliderte. Her vart det avsett leire som så vart pressa samen til leirskifer og seinare omdanna (metamorfosert) til glimmerskifer. I tillegg var det vulkansk aktivitet på havbotnen vest for det som no er Noreg. Der strøymde lava ut i havet og etter ei tid danna det seg vulkanøyar om lag som ved Japan og Fillipinane i dag. Denne basalten hadde basisk samansetning med minerala pyroksen og plagioklasfeltspat. Under kontinentkollisjonenvart basalten omdanna til grønskifer. På Fjelberg finn vi grønskifer fleire stader, både i Havn, langs vegen rett aust for Nordhusgarden, langs land i Nordhusvågen og mellom Breidvika og Kvernavika. Under metamorfosen vart minerala orientert parallelt og danna skiferflak som no står nesten vertikalt.


geo08 geo12

Frå vegen aust for Jespersengarden. Til venstre sterkt hallande grønskifer. Til høgre glimmerskifer, dekt av forvitringsjord.

Under jordbruksarealet midt over øya ligg det i tillegg til grønskifer også glimmerskifer. Denne opprinneleg sedimentære bergarten inneheld mykje glimmer i tillegg til litt kalk frå kalkdyr i havet. Båe desse bergartane forvitrar lett til eit fruktbart jordsmonn, og det er mest på grunn av dette beltet med glimmerskifer og grønskifer at Fjelbergøya er eit fruktbart paradis. Det kan vi og sjå på markblomstrane om våren. Kravstore blomar trivst godt her med litt kalk og glimmer i berggrunnen.


Geo 14 Geo 16


Til venstre ein blå fiol og til høgre vårblomen over alle på Fjelbergøya: Primula veris.

På nordvestpynten av Rossneset finst ein bergart som er av dei yngste på Vestlandet. Det er ein basaltisk gangbergart. Ein gangbergart er danna ved at magmahar strøymt opp gjennom ein sprekk i berggrunnen. Desse sprekkene vart danna då Nordsjøbassenget tok til å opna seg i mesozoikum for om lag 250 millionar år sidan. Det var då Noreg og England byrja å gli frå kvarandre, og det store sedimentbassenget under Nordsjøen vart danna. Då strøymde det opp basaltisk smelte langs desse sprekkene og lava flaut truleg ut på overflata, men no står berre gangane att sidan dagens overflate då låg på fleire kilometers djup. Den mørke gangbergarten vitrar lett, særleg når han er oppsprukken. Det finst liknande gangar på Halsnøy og fleire av øyane lenger vest. I Sunnhordland er det relativt ofte mindre jordskjelv, og ein trur at dei kan ha samanheng med rørsler langs desse sprekkene.

Frå tida då sprekkene vart fylt med basaltisk smelte og heilt fram mot istidene har vi ingen geologiske vitneprov på landjorda på Vestlandet. Landet heva seg sakte og vart nedtært av forvitring og gravande elvar. Der Hardangerfjorden (Klosterfjorden) no går rann den største elva i Hordaland før ho munna ut i sjøen sørvest for Bømlo. Når istidene sette inn følgde breen denne dalen og grov han djupare og djupare. Til slutt var Hardangerfjorden danna. Sjølve Fjelbergsundet vart gravd ut av isbreen gjennom fleire istider. Der forvitringa har fare fint med berget finn vi og mindre spor etter breer i form av isskuringsstriper. Dei er lettast å sjå under flomålet, men finst og langs skogsvegen vest for Breidvika.

 

geo018 Geo20


Frå skogsvegen vest for Breidvika. Til venstre isskuringsstriper (frå venstre mot høgre). Dei svarte streka er sprekker i fjellet fylt med jord. Til høgre skjel (kvite flekkar) i leire avsett for 12 500 år sidan utanfor isbreen som laga endemorena på Halsnøy.

Fjelbergøya dukka for siste gong fram under isen for omlag 13 500 år sidan. Då sto havnivået 65-70 m høgare enn i dag og leira frå isbreen la seg på botnen. Istida vart avslutta med ein 1000 år lang ”fimbulvinter” då Hardangerfjordbreen rykka heilt fram til Halsnøy og skuva saman endemorenen som no bind saman Halsnøy frå Klosteret til Høylandsbygd. I Kloster-fjorden vart det då avsett 200 m tjukke lag av ishavsleire. Langs skogsvegen vest for Breidvika kan ein enno finna butte sandskjel (Mya truncata) nede i leira. Desse er om lag 12 500 år gamle.

Landet steig snøgt etter istida og klimaet vart gunstig for danning av både torv og forvitringsjord. Nordhusgarden dukka opp over havflata for 10 000 år sidan og alt låg til rette for at folk kunne busetja seg på øya, men det er ei anna historie.

Design, oppsett og programmering © Grieg Medialog A.S