Jorunn Veiteberg

veiteberg leser

Jorunn Veiteberg hadde et lengre opphold

på prestegården forsommeren 2006

for å arbeide med en biografi om

billedhuggeren Ambrosia Tønnesen

 

Bildehoggaren Ambrosia Tønnesen (1859 – 1948).

Ambrosia Tønnesen var den første profesjonelle kvinnelege bildehoggaren i Norge. I over seksti år arbeidde ho som kunstnar. Lenge heldt ho til i utlandet, København, Berlin og Paris, men frå 1910 busette ho seg i Bergen med den engelske venninna si, Mary Banks. Ho var ein fargerik person som gjekk sine eigne vegar – og som lukkast med det! Fotografi frå 1880-åra viser ei kortklipt kvinne med intenst blikk. Men nokon kunstnarbohem var ho ikkje. Økonomisk måtte ho greia seg sjølv, og det innebar jamt og hardt arbeid å gjera eit levebrød ut av kunsten. Å lage skulptur i marmor og bronse er dyrt, så å vera bildehoggar er å arbeida på oppdrag. Det vart mange portrettbyster på Ambrosia med åra, og dei er spreidde langs heile Vestlandskysten frå Haugesund til Ålesund. Av monumentale verk kan nemnast, statuen av J.C Dahl på fasaden til Vestlandske Kunstindustrimuseum i Bergen og av Ole Bull på Den Nasjonale Scene.

I boka vil Ambrosia bli presentert gjennom analysar av sentrale arbeid, og hennar liv og kunst vil bli sett i eit breitt kvinne-  og kulturhistorisk perspektiv. Det spesielle ved henne vil koma fram gjennom skildringar av meir allmenne vilkår for kvinner og kunstnarar på slutten av 1800-talet. Kunstnarleg sett var ho tradisjonell, men hennar liv var radikalt og moderne. Den spenninga er omdreiingspunktet i den teksten eg skreiv på Fjelberg.

 

Jorunn Veiteberg

 

 

mbrosa Tønnesen

Ambrosa Tønnesen

 

 

 

 

 

 


Design, oppsett og programmering © Grieg Medialog A.S