Velkommen til Fjelberg Prestegard |
|
|
|
Litt om Tjerand AskeMine personlege minne om Tjerand Kristiansson Aske, f. 1906, er knytte til 2-3 barneår, 1947-49, i Fjelberg. Eg var berre ca. 7 år gamal første gongen eg såg han, og det seier seg sjølv at eg som liten gut ikkje kunne få eit fullstendig og balansert bilete av denne merkelege mannen. Med denne reservasjonen fortel eg det eg hugsar: Møte med Tjerand og faren i robåtEin godversdag i 1947 kom eg med far min, lensmann Harald Endresen, og syster mi, Siri, i motorbåten vår, ”Rex”, frå Tittelsnes og inn mot det nordlege innlaupet til Fjelbergsundet. På Borgundøy-sida såg vi to menn i ein robåt. Den yngste, som sat med årane, vinka til lensmannsbåten, og far trudde et dei ville snakka med han. Han svingde bortom. Det viste seg at det var Tjerand Aske og far hans, Kristian Avaldsson Aske, som var ute på sjøen i det fine veret. Dei hadde ikkje noka sak å drøfta med far. Tjerand ville berre helsa då vi passerte. For Siri (vel 5 år) og meg vart det likevel eit ugløymande møte. Det var ikkje Tjerand, men faren som gjorde det sterke inntrykket denne gongen. Han var kledd i svart: Ein sid svart hatt på hovudet, ei svart kappe over skuldrane, og vi meinte jamvel at han hadde svarte hanskar på hendene. Han verka mager, bleik og mest kvit. Han sa ingen ting. På meg såg han ut som ein representant for dødsriket der han sat samankrøkt i færingsbåten. - Ifylgje bygdeboka for Kvinnherad døydde Kristian Aske same året. Vitjing av Tjerand i lensmannsheimen på FjelbergøyEin mørk kveld med regn og vind banka det på hovuddøra i lensmannsheimen. Huslyden skulle nett setja seg til bords for å eta kveldsmat. Inn kom ein kraftig, raudhærd mann i 40-åra. Det var Tjerand. Han vart beden med til bords. Tjerand hadde vore i Sæbøvik og hadde fått skyss derifrå til Breivik. Han skulle vidare til Fjelbergsund og Aske. Men det var seint, og det var tydeleg at han gjerne ville stogga hjå oss til dagen etter.
JaktrifleFar hadde ei jaktrifle som hang på veggen inne på lensmannskontoret (i bustadhuset). Rifla interesserte meg som smågut. Av og til fekk eg lov å halda i henne og sikta. Draumen var at geværet ein gong skulle verta mitt. Men ein dag var det borte. Far laut vedgå at rifla var seld til Tjerand. Han hadde bede så mange gonger og så inderleg om å få kjøpa henne at far til sist gav etter. Hagekart for AskeEin gong far var på Aske, hadde Tjerand vist han eit kart for ein planlagd hage på garden. Tjerand var tydelegvis sterkt oppteken av planen og ville realisera han. Far hadde nok lita eller inga tru på at det kunne lukkast. HusdyrstellEin gong i 1950-åra såg eg eit oppslag i Haugesunds Avis om ein gardbrukar i Fjelberg kommune som var tiltala for dyremishandling. Husdyra hadde ifylgje avisa fått lite mat, og dei hadde hatt dårleg stell også på andre måtar. Saka kom opp for retten på Stord, og far måtte møta som vitne. Vi budde då i Ølen, men far var framleis lensmann også i Fjelberg kommune, og han hadde hatt saka til etterforsking. Ho gjaldt Tjerand.
Folgefonn-sykkelenNokre år seinare var det ein omtale i ei lokalavis, truleg Haugesunds Avis, av Tjerands sykkeltur over Folgefonna. Ein mann som møtte Tjerand på nedturen på Sørfjord-sida hadde merkt seg sykkel-merket på rattstonga. Merket var nemnt i artikkelen. Her kan ein kanskje ”slå attende” og få stadfest at sykkelen i bispestova på Fjelberg prestegard verkeleg er den autentiske frå den turen. YmseTjerand var alltid ein fjern og framand figur for meg. Han hadde likevel ein meir heimsleg og kvardagsleg utsjånad enn på fotografiet i bygdeboka for Kvinnherad (band 5 (1992), side 398). Eg kan ikkje hugsa han i så flotte klede, og eg kan aldri hugsa å ha sett han med det lange ”hippie”-håret som han har på biletet.
Oslo, 14. mai 2007. Sigurd Endresen |
|
Copyright © 2005-2005 Grieg Medialog A.S.
|