Litt om Tjerand Aske

Mine personlege minne om Tjerand Kristiansson Aske, f. 1906, er knytte til 2-3 barneår, 1947-49, i Fjelberg. Eg var berre ca. 7 år gamal første gongen eg såg han, og det seier seg sjølv at eg som liten gut ikkje kunne få eit fullstendig og balansert bilete av denne merkelege mannen. Med denne reservasjonen fortel eg det eg hugsar:
Tjerand-Aske.jpg

 

Møte med Tjerand og faren i robåt

Ein godversdag i 1947 kom eg med far min, lensmann Harald Endresen, og syster mi, Siri, i motorbåten vår, ”Rex”, frå Tittelsnes og inn mot det nordlege innlaupet til Fjelbergsundet. På Borgundøy-sida såg vi to menn i ein robåt. Den yngste, som sat med årane, vinka til lensmannsbåten, og far trudde et dei ville snakka med han. Han svingde bortom. Det viste seg at det var Tjerand Aske og far hans, Kristian Avaldsson Aske, som var ute på sjøen i det fine veret. Dei hadde ikkje noka sak å drøfta med far. Tjerand ville berre helsa då vi passerte.  For Siri (vel 5 år) og meg vart det likevel eit ugløymande møte. Det var ikkje Tjerand, men faren som gjorde det sterke inntrykket denne gongen. Han var kledd i svart: Ein sid svart hatt på hovudet, ei svart kappe over skuldrane, og vi meinte jamvel at han hadde svarte hanskar på hendene. Han verka mager, bleik og mest kvit. Han sa ingen ting. På meg såg han ut som ein representant for dødsriket der han sat samankrøkt i færingsbåten. - Ifylgje bygdeboka for Kvinnherad døydde Kristian Aske same året.

 

Vitjing av Tjerand i lensmannsheimen på Fjelbergøy

Ein mørk kveld med regn og vind banka det på hovuddøra i lensmannsheimen. Huslyden skulle nett setja seg til bords for å eta kveldsmat. Inn kom ein kraftig, raudhærd mann i 40-åra. Det var Tjerand. Han vart beden med til bords. Tjerand hadde vore i Sæbøvik og hadde fått skyss derifrå til Breivik. Han skulle vidare til Fjelbergsund og Aske. Men det var seint, og det var tydeleg at han gjerne ville stogga hjå oss til dagen etter.


På meg gjorde han eit skræmande inntrykk. Augo hans flakka mest heile tida til alle kantar, som om han var redd for at nokon skulle kasta seg over han. Han snakka høgt, jamvel om stova var lita, og berre med dei vaksne. Han tyktest ikkje å sjå syster mi og meg. Vi skjøna instinktivt at her var det inga von om ein femtiøring eller ein sjokoladebit, slik vi stundom fekk av framandfolk som kom på overnattingsvitjing. Tjerand verka rastlaus, og han var så stor og sterk at eg tvilte på at far kunne greia med han dersom han skulle slå seg vrang. Det såg elles ut for at far hadde godt ”lag” med han, og Tjerand roa seg noko etter kvart. Mor stelte istand gjesteromet oppe (nordlege salen). Han låg over og fekk frukost hjå oss. Det verka som om Tjerand sette pris på mottakinga.


Mor sa sidan at ho hadde kokt sengetøyet etter Tjerand serleg godt. Det heitte seg at han hadde hatt tuberkulose, og det vart framleis rekna for ein svært fårleg sjukdom.

 

Jaktrifle

Far hadde ei jaktrifle som hang på veggen inne på lensmannskontoret (i bustadhuset). Rifla interesserte meg som smågut. Av og til fekk eg lov å halda i henne og sikta. Draumen var at geværet ein gong skulle verta mitt. Men ein dag var det borte. Far laut vedgå at rifla var seld til Tjerand. Han hadde bede så mange gonger og så inderleg om å få kjøpa henne at far til sist gav etter.

 

Hagekart for Aske

Ein gong far var på Aske, hadde Tjerand vist han eit kart for ein planlagd hage på garden. Tjerand var tydelegvis sterkt oppteken av planen og ville realisera han. Far hadde nok lita eller inga tru på at det kunne lukkast.

 

Husdyrstell

Ein gong i 1950-åra såg eg eit oppslag i Haugesunds Avis om ein gardbrukar i Fjelberg kommune som var tiltala for dyremishandling. Husdyra hadde ifylgje avisa fått lite mat, og dei hadde hatt dårleg stell også på andre måtar. Saka kom opp for retten på Stord, og far måtte møta som vitne. Vi budde då i Ølen, men far var framleis lensmann også i Fjelberg kommune, og han hadde hatt saka til etterforsking. Ho gjaldt Tjerand.


Det var tydeleg at saka opptok far sterkt. Han snakka om henne heime før han reiste til rettsmøtet. Eit hovudpunkt for han var at ein må ta omsyn til dyr, men at det er minst like viktig å ta omsyn til menneske. Tjerand levde i vanskelege kår, og livet hans kunne verta vesentleg verre dersom retten frådømde han retten til å ha husdyr.


Så vidt eg hugsar, miste Tjerand retten til å ha storfe, men fekk framleis lov til å ha sauer og anna ”smålevande”.

 

Folgefonn-sykkelen

Sykkel paa ryggen

 

Nokre år seinare var det ein omtale i ei lokalavis, truleg Haugesunds Avis, av Tjerands sykkeltur over Folgefonna. Ein mann som møtte Tjerand på nedturen på Sørfjord-sida hadde merkt seg sykkel-merket på rattstonga. Merket var nemnt i artikkelen. Her kan ein kanskje ”slå attende” og få stadfest at sykkelen i bispestova på Fjelberg prestegard verkeleg er den autentiske frå den turen.

 

Ymse

Tjerand var alltid ein fjern og framand figur for meg. Han hadde likevel ein meir heimsleg og kvardagsleg utsjånad enn på fotografiet i bygdeboka for Kvinnherad (band 5

(1992), side 398). Eg kan ikkje hugsa han i så flotte klede, og eg kan aldri hugsa å ha sett han med det lange ”hippie”-håret som han har på biletet.


Far hadde truleg stor godhug for han, kanskje nett for di dei var svært ulike. Begge hadde elles gått på Stend landbruksskule, og det gav dei kanskje noko felles å prata om. Tjerand vitja foreldra mine også etter at dei var flytte til Ølen. Då meldinga kom om at Tjerand var død i Oslo, snakka mor om han med vemod og understreka at Tjerand var ein av dei som verkeleg hadde sett pris på far.


Som vaksen har eg stundom tenkt at av alle dei menneske eg har møtt, var det truleg ingen annan som likna meir på Henrik Ibsens Peer Gynt.



Oslo, 14. mai 2007.

Sigurd Endresen

Design, oppsett og programmering © Grieg Medialog A.S