Koleragraver

Nordhusvågen, Fjelberg

Vegvaktar Kristoffer Tvete, Fjelbergøy,  («Tveita-en» i daglegtale) fortalde i siste halv­del av 1940-åra far min, lensmann Harald Endresen, om nokre menneskelik som han hadde funne i jorda. Dei verka så livaktige at han helst vart skræmd. Som gut budde eg i 3 år på øya, og eg har sidan undra meg mykje over det vesle eg hadde høyrt om «Tveita-ens» oppleving. Gardbrukar Knut G. Landa har nyleg fortalt meg kva som låg attom hans ord. Dersom ein held dette saman med opplysningar i bygdeboka for Fjelberg, vert det ei interessant lita soge:

Ifølgje Knut var det i hans tidlege barndom tre humpar eller tuver i bakken nede ved steingarden mot Nordhusvågen. Dei låg på innmarkssida av steingarden, nær ein liten bekk som renn ut i vågen, og det vart sagt at dette skulle vera koleragraver. Erik Landa, far åt Knut, hadde lyst til å nytta også denne delen av garden på effektiv vis. Han snakka med sokneprest Sverre Aarseth kort tid etter at han kom til øya (1937), og presten meinte at ein burde undersøkja om dette verkeleg var graver. I så fall kunne leivningane gravast opp og leggjast i jorda att på den eigenlege kyrkjegarden. Dette skapte litt uro blant folk, som ottast at kolera­smitte kunne koma opp og spreia seg på øya. Medisinsk ekspertise vart rådspurd,  og svaret var at det ikkje ville vera smittefåre så lang tid etterpå.


«Tveita-en» og ein annan fjelbergbu vart leigde til å grava opp dei små haugane. I den eine grava kom dei etter ei stund ned til eit solid kistelok, men dermed vart det nok for arbeidskameraten åt «Tveitaen». Han pakka saman og gjekk heim. Dette orka han ikkje å vera med på. «Tveita-en» heldt fram og avdekte ei grav til. I den tredje tuva fann han ingen ting. Det viste seg at den kista som hadde brukande lok, var av eik. Mykje skal ha vore vel bevart, såleis var det ei pute under hovudet åt liket. Knut protesterte ikkje då eg sa at «Tveita-en» hadde nemnt for far at kroppane delvis hadde både hud og hår. Knut la til at han og andre gutungar hadde prøvt å få sjå ned i gravene på menneskerestane, men vart stogga av «Tveita-en».  Han hadde gitt beskjed om at «det er ikkje noko å sjå på!». Det heitte seg at lika hadde vorte gravlagde der ca. 90 år tidlegare.  Ein gamal kar som vart kalla «Kris» og budde på nordre Nordhus, kjende litt til lokale gravskikkar i sin barndom og ungdom, og vart rådspurd om kistekonstruksjonen av presten då dei to gravene vart opna. Til sist vart menneskerestane samla i kassar og køyrde til kyrkja på den andre sida av øya. Knut sjølv styrde hesten den gongen. Restane vart gravlagde på  nedsida (sørsida) av kyrkja.


Fjelberg-bandet i bygdeboka for Kvinnherad (jfr. Anders Havnelid: Kvinnherad Allmennsoga gards- og ættesoga Band 5 Eid og Fjelberg sokner. 1992 Kvinnherad kommune) kastar meir lys over desse koleragravene. I avsnittet om Fjelberg prestegard, Parishamn, er det nemnt at  husmannen der,  Mikkjel Torsteinsson Sæbø (1796–1849) «var blant dei som strauk med i kolera­epidemien i 1849 saman med Simon Mortens­son Dyrnes. Det fortelst at dei låg sjuke ombord i eit farty i Fjelberghamn, og at dei rodde ut mat til dei. Begge lika vart gravlagde nær Jørnsplasset ved Nordhusvågen, – – – .» Det var 2 søner og 3 døtre etter Mikkjel. Det ser ikkje ut til å vera opplysningar om etterkomarar etter Simon Mortens­son (1823–49). Han var frå naboøya Borgundøy og var ung då han døydde.  Den «Kris» som vart rådspurd om likkiste­bygging i gamle dagar, må ha vore Kristen Olsson Løvik (1855–1943), nemnd under bnr. 1 på Nordhus i bygdeboka.

 

Kolerakirkegården i Nordhusvågen på Fjelberg.

Kolerakirkegården i Nordhusvågen på Fjelberg.

 

Det er god grunn til å rekna med at det ­eldste liket som «Tveita-en» gravde opp, var restane etter oldefar åt kona hans, Gurine Tea Olsdotter, f. 1896. Han ordla seg  ikkje for far min på ein slik måte at ein skulle tru at han tenkte på slekt og familie i samband med gravinga si. Dersom bygdeboka er rett, kan det like­vel ikkje vera tvil om at Mikkjel Torsteinsson Sæbø var oldefar til Tea, og at han budde på nett same staden som «Tveita-en» og kona hans:  Mikkjel hadde sonen Torstein Mikkelsson (1822–1911). Han var skomakar, fekk skøyte på det vesle bruket og var gift med Guro Olsdtr. Vik. Dei fekk mellom andre sonen Ola Torsteinsson (1855–1924), som vart gift med Marta Torsteins­dtr. Dyrnes (1862–1946).  Dei fekk ei dotter, ­Gurine Tea, som vart gift med Kristoffer Tvete frå Fitjar. Dei budde i Hamn, og eg var som barn eit par gonger heime hjå dei. Eg hugsar Tea som ei uvanleg fin og finsleg kvinne. Dei fekk ingen born, og denne lina etter koleraofferet Mikkjel døydde såleis ut med henne.


Men det var fleire andre liner etter Mikkjel. Ei dotter av han heitte Kari og vart gift med Ola ­Johannesson Blokhus. Dei fekk mellom andre sonen Mikal Olsson (1841–1916), gift med enka Kristi Holgersdtr. Økland (1840–1916) i 1869. Sonen deira, Mikal Johan Blokhus, f. 1883, var ein av dei faste skysskarane for presten de Seue i Fjelberg.
Knut fortalde elles at det hadde vore ein steingard kring dei to små gravhaugane, med inngang frå sjøsida. Steinen vart teken bort og køyrd ned til vågen, der han seinare har vorte murd opp som eit lite vern for jorda mot sjøen. Knut nemnde at det var mykje leire i jorda der dei to lika vart funne. Dette kan vera årsaka til at dei var så vel konserverte. Knut kjende ikkje til andre koleragraver på Fjelbergøy eller Borgund­øy. Han hadde høyrt om eit par graver i Hamn etter ei pest, men  dei skulle ha vore mykje eldre og hadde ingen  samanheng med koleraepidemiar, så vidt han visste. Knut la til at det skal vera  koleragraver på «Sjo´ongjo» (Sjoangen). Bygdeboka stadfester dette og nemner dessutan kolerakyrkjegarden Toftehagen, truleg på garden Tofte. Begge desse gardane er på naboøya Halsnøy. Bygdeboka fortel også at den mannen som rodde ut mat til dei kolerasjuke i Hamn på Fjelbergøy, ikkje vart smitta, og at han sjølv meinte at «han berga seg fordi han togg tobakk på harde livet».


Vi kan berre spekulera over årsaka til at ­Mikkjel og Simon vart smitta av kolera. Det ­faktum at to menn frå to gardar på to ulike øyar vart smitta, og at dei var ombord i eitt og same fartøy, kan tyda på at dei var reiste på fiske saman. Inkubasjonstida for kolera er til vanleg 1–5 dagar, og dødsfrekvensen var gjerne 30–70%. Når sjukdomen slår til i ein person, har han ei akutt utvikling.Vi kan kanskje gissa at dei to hadde vorte smitta under vårsildfisket lenger ute på kysten, der store grupper fiskarar var samla i fiskevær med dårlege hygieniske tilhøve. Dei må sjølve ha skjøna kva sjukdom dei hadde, og gjekk  ikkje i land då dei kom attende til Mikkjels heimstad.
Det ser ut for at dei dermed greidde å for­hindra ein koleraepidemi på Fjelbergøy og Borgundø­y. Det er i denne samanheng interessant å samanlikna med koleratilfella på Halsnøy, jamfør ovanfor, og i Ølen og på Bjoa, som låg i same prestegjeldet. Eg har i min ungdom vitja kolerakyrkjegarden på Bjoa, og i min barndom leika eg blant gravtuvene på den nedlagde kolera­kyrkjegarden ved Os-elva på Austre Eio i Ølen. Eg trur at det på Bjoa var 10–12 graver, og at det i Ølen var 15–20. Kanskje skuldar Fjelberg-folket ei lita takk til Mikkjel og Simon for deira omtanke midt i den alvorlege sjukdomen?

Design, oppsett og programmering © Grieg Medialog A.S